Karuss oppvekstpark i Kristiansand



Karuss ligger i bydelen Vågsbygd vest i Kristiansand.

Her interiørutsnitt fra vestibylearealet på 2. planet og undervisningsarealet på øverste.


Foto:
Tore André Baardsen

Artikkel av Nils Johan Mannsåker, Fortunen Arkitekter AS
Kristiansand utlyste haust 1998 til begrensa prosjektkonkurranse. Konkurransen vart gjennomført vinteren 1999, og vårt prosjekt var valgt. Kontrakt vart skreve i mai 1999, og prosjektering var igang.

Prosess
I forprosjektfasen var brukar (og den eigentelege oppdragsgjevar) Skoleetaten i Kristiansand, ein aktiv part. Skoleetaten i Kristiansand er visjonær, og arbeidet med brukar fungerte etter vår oppfatning svært godt og var spesielt inspirerande. Etatens representant Svein Kvernes, sikta etter vår oppfatning høgt, og var ein god samspelar. Ei brukargruppe med Torstein Harbo som leiar vart etablert, dette samarbeidet var også ein utviklande og god prosess, der diskusjonen om «dei optimale pedagogiske omgivelsar» var ledemotivet.

Ved avslutta forprosjekt var prosjektet betydeleg endra og utvikla frå konkurranseprosjekt, og etter vårt syn på eit godt spor. Behandling av forprosjekt, og overgang til hovedprosjekt var ein langdryg og lite utviklande prosess med ekstern prosjektkontroll, og stort tidsøde for alle partar.

Situasjon
Karuss ligg i bydelen Vågsbygd vest i Kristiansand. Namnet Karuss kjem frå eit lite tjern, der det formodentlig ein gong har svømt karusser. Ved vår oppstart var tjernet ein mindre tiltalande dam, forurensa av forbipasserande ringvei. Tomta for skulen, er ein markant kolle, 10-15 meter over terrenget ellers. Kollen har markert vegetasjon, med m.a. bøk og høg furu.

Skuleanlegget var planlagt som samspelar med stort idrettsanlegg. Barnehage var utbygd rett i forkant av vår prosjektstart, plassert tett på skuletomta.

Hovedorganisering
Vi hadde ein målsetjing om at skulen skulle ta i bruk den flotte kollen, møta landskap og vegetasjon så direkte som mulig. Samtidig ville vi at skulen skulle formidla overgangar i høgde i situasjonen. Oppsummert har dette gitt ei planløysing over tre plan, med 1) undervisningsarealer på det øverste, 2) vestibyle og sentrale fellesarealer på midtplanet, 3) idrettshall og garderober på lavaste plan. Alle plan når i terrengnivå.

Undervisningsplanet troner på toppen, med utearealer direkte i tilknytning til adkomster til kvart baseareal. Det er desentraliserte inngangar til kvar undervisningsbase. Totalt 16 basar, fordelt på 1-parallell i småskole og mellomtrinn, 3-parallell i ungdomsskolen.

Vi såg det som viktig at det både er ein samanhengande vandring gjennom heile anlegget, og at kvart trinn har sin egen utesone. Små-/mellomtrinn har relativt opne areal, avgrensa av ein lang, lav klatre-fjellvegg. Denne er full av hyller og knatter, - 1,5-2,5 m høg, og eit godt element i utesituasjonen.

Ungdomstrinnet er plassert på sitt eige lille Akropolis, med mange, mindre oppholdssituasjoner, innslag av eksisterande vegetasjon etc. Dei to utesonene møtes i ein felles arena der to svære trappeanlegg fell mot einannan, med uteområde for vestibyle som bunn og «scene».

Målsetjing og
pedagogisk konsept

Det har vore viktig for oss at skulen skal ha ein inspirerande og oppløftande effekt på sine brukarar. Dette er vidareført i eit mangesidig anlegg, eit anlegg som har rom for eit stort spekter av anledningar og situsjonar, rom for høgtid, for spenning, for små grupper og store forsamlingar.

Vidare har vi hatt ynskje om det skulle vera ein slags variert vandring som knytta saman alle dei ulike situasjonar, både innvendig og utvendig.

I hovedorganiseringen av undervisningsareal, er desse lagt som paviljongar, knytta saman med svalgangar. Avgreiningar av svalgangssystemet skjærer gjennom sentrale inneareal.

Det er også lagt opp til ein samanhengjande tverrsnittsituasjon sentralt i anlegget, der vestibyle gir kontakt til både bibliotek på plan 3, og tribune i idretsshall mellom plan 2 og 1.

Kvar undervisningspaviljong for mellom- og ungdomstrinn, har areal for tre klassar ( 84-90 elevar) Det kan bruka sin paviljong under eitt, eller underdelt. Dei har alle grupperom og hems, med foldevegger som gir mulighet for at hovedarealet kan opnast heilt opp, eller tredelast.

Småskolen har ein organisering med to og to baseareal med mellomsone. Skulen sjøl har valgt å leggja noko meir arealer i fellesdel enn normert.

Tekniske prinsipp
Anlegget er basert på oppdriftsventilasjon. Dette betyr oppsummert at friskluft vert ført fram til alle arealer via underjordisk kulvert. Dette er eit tungt og stivt system, og er i realiteten ryggraden i anlegget.

Lufta må ha så ubrutte og enkle forløp som mulig, for å få full uttelling. Det har vore ein spesiell vanskelighet i dette prosjektet å handtera store nivåsprang i terreng, kombinert med stor utstrekning i plan. Luftsystemer er delt i to seksjoner, med eit luftinntak på plan 3, eit inntak på plan 1.

Innvendig fører doble teglvegger lufta vertikalt til dei enkelte rom. Hullsteinteglveggen fungerer som rist i dei fleste areal.

Brannteknisk fungerer vestibyle som brannseksjon, bygget er i hovudsak lavaste brannklasse, og dei fleste arealer utført som trebygg i ein etasje.
Kulvertløsning og terrengsprang, samt dårlege fundamenteringsforhold på nederste plan, ga kompliserte og tidkrevande betongarbeider i grunnen.

Materialer, farge, uttrykk og utsmykning
Vi har brukt fargesetjing og materialer til å skapa individualitet innafor ein helhetskomposisjon. Det er tildels sterke enkeltfargar både ute og inne, men vi har etterstreba å setja kvar farge inn i samanheng, slik at det totalt sett vert opplevd som komposisjon, og ikkje som ein kamp mellom dei enkelte fargeområder.

Materialbruken er tillagt stor vekt. I alle undervisningasarealer er det eikeparkett på golv, det er utstrakt bruk av lasert trepanel på vegger og i himling. Denne er gjennomgåande brukt som spalter med akkustisk effekt. Utvendig er det brukt både olja lerk, olja furu samt gjennomfarga cement-sponplater (Garnit) Det er også i felt brukt malt trekledning med kraftig fargebruk. Beslag er gjennomgåande naturauminium.

Vi har hatt både landskap og interiør på vårt kontor, og har sett dette som ein stor fordel. Det har gitt mulighet for tett integrasjon mellom alle formfagene frå første stund. Inventar er valgt med stor individuel karakter for kvar enkelt avdeling. Pultar er utvikla spesielt for Karuss og produsert av Kinnarps, som også er hovedleverandør for inventar.
Ei gruppe med tre billedkunstnarar (Wenche Kvalstad Eckhoff, Knut Wold og Finn Aage Andersen) har gjordt utsmykning. Denne har tatt i bruk fleire områder i skulen, og har i seg både det leikande, det monumentale og det undrande.

Desse tre begrepa kan vi òg oppføra som våre tre hovudmålsetjingar for anlegget som helhet.

Fakta
Areal: 6.200 kvm.
Kostnad: 105 mill. kr.
Ferdigstillelse: august 2002.
Arkitekt/ Interiør/ Landskap:
Fortunen Arkitekter AS
siv.ark. Nils Johan
Mannsåker (prosj.ansv.),
siv.ark. Gro Haveland
lands.ark Frode
Pedersen.

Siv.ark Kjell Brun
(konkurranse).

Siv.ark. Aud Gilberg
(detaljprosjekt).

klikk for større bilder: